Danmarks weblog-portal - søg, find og følg med i den danske blogosfære
Etter hjartesukk kjem hjarterom
Siste bloggposten min var eit hjartesukk over å skrive frykteleg lang roman for frykteleg få lesarar. Det var ikkje så lett å skrive, sidan det er litt ukultur å innrømme at det er leit å nå ut til få lesarar. Me er jo så mange som skriv, og kvar bok finn i snitt nokre få …Les mer
af Avil (tags: fint og flott song for eirabu-ting ut blant folk )
Nytt år, ny innsikt
Heisann, bloggfolka! Eg er i innspurten med manus, og har snart fullført mitt første fantasyverk. Og mykje tyder på at det blir det siste. Det har vore slitsamt, gøy, spanande, enormt lærerikt og krevd ufatteleg mykje arbeid. Seks års arbeid er snart til endes, og Song for Eirabu står ferdig i bokhandelen i juni, ser …Les mer
af Avil (tags: skriveprosess )
Luke 16 og 17: Manus versus jul
Eller: Manus versus alt anna. Manus vinn, altså.
af Avil (tags: julekalender )
Luke 15: Bake versus kake
I dag har tantungane mine vore her på den årlege førjulsfellesbakinga, og dei er fingernemme, kreative og uthaldande, akkurat som mine eigne born. Strålande opplegg, og det kjem boksevis av kaker ut av slikt. Nokre kanskje i overkant jazza opp med seigmenn og sølvkuler, men det viktigaste er å bake. Sjølv om enkelte trur det …Les mer
af Avil (tags: julekalender )
Luke 14: Tru versus vitskap
I dag har eine ungen lese vers i kyrkja. Det er den ungen som elskar eventyr, vil bli forfattar, hugsar meir norrøn mytologi enn eg gjer, og som helst vil gå lange turar med meg i skogen og diskutere eksistensielle spørsmål. Samstundes deltok den andre ungen på det alternative opplegget på biblioteket, saman med heidningar …Les mer
af Avil (tags: julekalender )
Luke 13: Alvor versus skjemt
Eg har bakt lussekatter. Eg har kjøpt kvit kjortel til jentungen. Eg har sjekka batteria i lucialysa. EG har leia allsong med ungane for å øve på teksten. Alt er sånn sett klart for rørande opptreden hos oldemor og besteforeldre i ettermiddag. Om ungane berre, eit minutt eller to, kunne ta seg saman og ikkje …Les mer
af Avil (tags: julekalender )
Luke 12: Dagdraum versus røynd (hahahaha *tilt*)
Det hender eg snakkar med meg sjølv. Særleg når eg sit ute i sommarhuset og skriv. Det vil seie, eg snakkar ikkje når eg skriv, men når eg har pausar. Då sit eg på trammen og ser ut mot skogen, og så mumlar eg. Og det hender eg dagdrøymer. Pratar med folk eg aldri har …Les mer
af Avil (tags: julekalender )
Luke 11: Julespråkblomar
Den ideelle julemannen er søt som sukker og har mandelauge. Han har ei tunge glatt som smør, og reint mjøl i posen. Han er treig som sirup, men kan vel ikkje dadlast for det, sidan han er litt trang i nøtta.
af Avil (tags: julekalender )
Luke 10: Gidde versus ville
Ein rein klipp og lim-bloggpost. Faktisk. Fordi eg ikkje gidd, eller vil, skrive noko sjølv. Frå dansk Wikipedia: Overspringshandlinger. Inden for etologien betyder overspringshandling en tilsyneladende irrelevant handling, som et dyr foretager, når dets instinkter giver det selvmodsigende beskeder, så flere uforenelige adfærdselementer stimuleres samtidig. Et eksempel kan være dyret, der i kamp m
af Avil (tags: julekalender )
Luke 9: Individ versus kollektiv
Eg bakar kaker. Eg legg ut bilete på facebook. “Åh, så flink du er!” skriv fb-vener. Eg går på trening, eg skriv på facebook at eg har trent. “Så flink du er!” skriv fb-vener. Eg vaskar huset, eg skriv på facebook at eg har vaska mitt eige hus, gjort reint i min eigen heim, støvsugd …Les mer
af Avil (tags: julekalender )
Luke 8: Tru versus tradisjon
“Siden jeg ikke feirer advent (er ikke kristen), men kun feirer jul/midtvinter, så pynter jeg ikke til advent,” seier Elin i kommentarfeltet under luke 7. Kva er det med denne julefeiringa, då? Adventen? Eg kjenner nokre katolikkar som tar advent veldig alvorleg, og eg kjenner nokre åsatrufolk som tar jul/midtvinter like alvorleg. Men alle me …Les mer
af Avil (tags: julekalender )
Luke 7: Raudt versus lilla
Ja, det ER advent. Og det begynner å piple fram pynt i krokane her. Julepynt er i sin eigenart maksimalistisk og orientalsk, det er nypussa messing og raudt og gull og glitter, og på ingen måte noko som passar i vanlege norske heimar. Det hender eg ser i slike blad og bloggar som handlar om …Les mer
af Avil (tags: julekalender )
Luke 6: Kaos versus kosmos
Sidan det er desember burde eg sikkert vere framsynt og tilføye “del 1″ bak dagens tittel. Og det kan vere du undrar seg over kvifor desse lukene kjem i rykk og napp? Eg kan gjere greie for det. Men først: Dagens tema. Okei, eg vil ha nytt kjøken. Og eg har malt gangen (for eit …Les mer
af Avil (tags: julekalender )
Luke 5: Angel versus Edward Cullen
Kvar generasjon har sin vampyr. Dei viktorianske valdtektsforbrytarane fekk sin noko mindre autoritære renessanse i, dei lovlause vampyrungdomsgjengane på 80-talet, ti-året etter actionfigurvampytane parallelt med dei ynkeleg angrande blodsugarane, så blei dei gradvis meir liketil, før me i det siste har fått boyband-deilege vampyrar i fantasyaction og kristenkonservative lidenskapsdilemmaer. Men
af Avil (tags: julekalender )
Luke 4: Mislukka versus vellukka
Eg kjenner meg temmeleg mislukka for tida. Produserer for lite manus, tjener for lite pengar. Til gjengjeld er eg ganske vellukka som mor, trur eg. Speler Wii og les høgt og bakar saman med og pratar og kosar. Eg kunne ønske eg klarte å ha fokus på det eg fekk til. Men det er ikkje …Les mer
af Avil (tags: julekalender )
Luke 3: To land, to kulturar ? ein fusjon
I Danmark lagar dei snelandskab med nissar, i Noreg lagar me pepparkakelandsbyar. I alle fall gjer eg. I Danmark bakar dei rugbrød. I Noreg lagar me brunost. Rugbrød og brunost er ein perfekt kombinasjon. Og jaggu. Snelandskab og pepparkakelandsby.
af Avil
Luke 2: Venleikstyrrani versus skaparglede
Ein hostande og slakk guttunge måtte vere heime frå skulen i dag. Og det var først frykteleg trist, for då sola sto opp viste det seg at den første snøen var falle. Når ein er sju år hjelper det lite at ein vaksen seier at snø i plussgrader ikkje er stas. Den første snøen ER …Les mer
af Avil (tags: julekalender )
Luke 1: Skamfull versus raus
For ein månad sidan forkynte eg, som året før og året før der igjen, at no skulle eg NaNoWriMoe ut av meg 50 000 ord på ein månad, eg skulle fullføre romanen min, så eg kunne ta juleferie i ro og mak, vel vitande om at ferdig førsteutkast til Song for Eirabu, bok 2, ville …Les mer
af Avil
Faltura igjen
Stord har verdas einaste nynorske litteraturfestival for barn og unge, og årets Falturiltu er no avslutta. Eg kom meg ikkje med på noko i år, ungane har skifta på å vere sjuke og eg har vore stressa med skriving sjølv. Men eg kom meg på vaksenfesten i går kveld. Det var gildt. Sjølv om talkshowvert …Les mer
af Avil (tags: ut blant folk )
Bimboestetikken
Dette sto på trykk i Bergens Tidende fredag, som tilsvar til Frode Bjerkestrands kommentar Bimboestetikken. Då dei ikkje har lagt ut på nett, tillet eg meg å legge den her på bloggen. Frode Bjerkestrand ser dei unge jentene kle seg som horer og pornostjerner, og likar ikkje det han ser. I ein kommentar i Preik …Les mer
af Avil (tags: mediekommentar )
